Bli kjent med EL-PROFFEN, Norges største elektrikerkjede

På grunn av omlegging av rollar internt i firma søkjer me etter prosjektleiar/saksbehandlar. Går du med eit ynskje om å utvikla deg vidare innan elektrofaget? Me tilbyr deg opplæring i det å vera prosjektleiar/saksbehandlar.

Me er ei bedrift i vekst, med stadig nye mål for utvikling og kompetanseheving.

Me ser etter deg som er strukturert, omgjengeleg, sjølvstendig og som likar å spela andre kollega gode. Vil du vera med på vår spennande utvikling?

Typiske arbeidsoppgåver:

  • Kundebehandling og sal
  • Utarbeiding av tilbod på små og store prosjekt
  • Utarbeide teikningsunderlag til prosjekt
  • Kvalitetssikring av dokumentasjon og utarbeiding av dokumentasjon på større prosjekt
  • Prosjektoppfølgjing
  • Fagleg støtte til elektrikarane på service og prosjekt

Arbeidsoppgåvene vert tilpassa til det beste for den tilsette og bedrifta. Me krev ikkje at du skal kunna alt dette, men at du er lærevillig og har interesse for utvikling. 

Ynskjelege kvalifikasjonar og erfaring:

  • Fagbrev som elektrikar med nokre års erfaring  
  • Har kjennskap til aktuelle normer og forskrifter
  • Du likar eller har lyst til å bruka PC som arbeidsverktøy

Personlege eigenskapar:

  • Du er serviceinnstilt og løysingsorientert 
  • Du er påliteleg og ansvarsbevisst
  • Du samarbeidar godt og er ein lagspelar
  • Du er sjølvstendig og jobbar strukturert og systematisk
  • Du har god arbeidskapasitet 

Me tilbyr deg..

  • Ein trygg arbeidsplass og eit inkluderande arbeidsmiljø 
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit spennande og innovativt miljø
  • Konkurransedyktige vilkår med gode forsikringsordningar
  • Nødvendig intern opplæring i arbeidet du skal utføra
  • Kursing og etterutdanning etter ynskje og behov
  • Flotte kontorfasilitetar på Hafslo. Heimekontor kan tilbydast enkelte dagar dersom du har ein del reisetid til Hafslo.

For meir informasjon eller spørsmål rundt stillinga, ta gjerne kontakt:
Frank Neset
Service- og prosjektleiar
Telefon: 48 08 37 22 - Mobil48 08 37 22

Søknadsfrist: Snarest

Søk her

Om arbeidsgiveren:
Josvanger Elektro har i dag 16 tilsette, og har kontor på Galdetoppen på Hafslo.
Elektrikarane våre er spreidd ut over heile Indre Sogn (Luster, Sogndal, Leikanger, Balestrand, Lærdal, Årdal og Aurland).
Våre elektrikarar har eigne firmabilar, med ansvar for sin eigen arbeidskvardag.
Dei utfører planlegging, bestilling, tilbod og dokumentasjonsarbeid på
servicearbeid. Din rolle vil vera å gje fagleg støtte og tilrettelegge for flyt i arbeidskvardagen til elektrikarane.

Tenestene me yter, skal ha best mogleg kvalitet.
Dette gjeld både produkta, planlegging, utføring og kundekontakt.
Me legg vekt på opplæring, og vil til ei kvar tid halda oss oppdaterte.

Me har mange spennande oppdrag ut over “normalt” elektrikararbeid, som for eksempel;
– AV-anlegg
– Solcelleanlegg
– Batterianlegg
– Adgangskontroll inkludert lås&beslag
– Visualisering av rom i 3D med lysberekning
– Anna svakstraumsarbeid som brannalarmanlegg, kameraovervåking, innbrotsalarmanlegg og fiber

I ein kvardag der ikkje alle møtast kvar dag har me fokus på felles møter og sosiale tilstellingar. Me møtes kvar 14.dag til morgonmøte eller kveldsmøte. På kveldsmøta våre har me felles middag og fokus på faglege diskusjonar og kompetanseheving.

Ein til to ganger i året reiser me på tur heile gjengen.
I vinter gjekk turen til Geilo frå fredag til søndag.
Ellers har me og sosialkveldar utanom firmaregi.